Nyttig informasjon- sjå også menyen til venstre


IKKJE FRÅDRAG FOR KONTANTBETALTE KOSTNADER OVER KR 10.000!

Frå 2011 vart det innført ei maksimalgrense for frådragsrett for kontantbetalte vare- og tenestekjøp på kr 10.000!
 Dette medfører at alle næringskjøp over kr 10.000 må betalast over bank (giro, bankremisse). Om varekjøpet er over denne grensa vil det ikkje vere frådragsrett for nokon del av kjøpet, heller ikkje om betalinga blir delt opp i fleire kontantsummar eller delvis betalt via bank og kontant!!
Hugs derfor på å betale alle større kjøp via faktura og bankoverføring. Kjøp av maskiner og bilar må gjerast ved bankremisse eller vanleg bankgiro.
 NB! Dette gjeld også lønsutbetalingar! Alle tilsette, anten dei er ekstrahjelp, ferievikarar eller annan tilfeldig arbeidshjelp må derfor ordne seg med ein bankkonto før du betalar ut løna!!



GJELDANDE SATSAR MEIRVERDIAVGIFT:


25 % moms på varer og tenester. Frå 2013 også på arbeid på veg for kommune og stat!

15 % moms på mat/næringsmidlar (unntatt alkohol og tobakksvarer)


12 % moms på persontransport inkl. skiheisdrift

12 % moms på overnatting og utleige av fritidseigedom i næring. Dette gjeld også næringsmessig formidling av utleige av fritidsbustad.
< /font>

Alle varer og tenester skal fakturerast innan ein månad etter levering så lenge det ikkje gjeld ein løpande teneste!



MINSTEKRAV TIL REKNESKAPSBILAG


Hugs at momsbeløpet må stå på fakturabilaget eller kvitteringa for å gje frådrag! Dessutan skal seljar som er registrert i avgiftsmanntalet ha org.nr. med "MVA" på salgsbilaget. Seljar må også påføra fakturaen eller kvitteringa kjøpars namn! 
Om det ikkje klart går fram av bilaget kva kostnaden gjeld må seljar spesifisera vara og kjøpar må skrive kva vara er brukt til! 
I bokføringslova frå 2006 er det eit krav at det skal brukast fakturablankettar med fortrykte nr. Dette må forståast slik at opptrykking av blankettar eller kjøp av rekningsblokkar må gjerast i så stort antal at same nr. ikkje skal kunne brukast om att. Dette medfører at mange bør bruka datasystem til fakturering av kundane sine, men har du få fakturaer pr. år kan du nok klare deg med fortrykte blankettar så lenge desse har samanhengande nr.serie.
Vil du vera trygg på at fakturaene dine held lovbestemte krav, ta kontakt med oss. Me kan utføra fakturering for deg, eller me kan finna fram til løysingar, slik at du kan gjera det sjølv på ein sikker måte. Frå 2.halvår 2012 kan kommunale og statlege kundar krevja elektronisk faktura (EHF) - spør oss om kva måte me kan hjelpa deg med dette!



VIKTIG MELDING TIL DROSJENÆRINGA!

Det er eit lovkrav at alle drosjeeigarar skal føre kasseoppgjersbok dagleg på kontantomsetninga si. Om ikkje det vert gjort er rekneskapsførar pålagt å seie opp avtalen!!!

PLANLEGG DU GENERASJONSSKIFTE ELLER FORSKOT PÅ ARV?

Om du har planar om å gje arveforskot i form av næring eller eigedom bør du kontakte oss på førehand for utrekning av kva skattemessige verknader dette vil kunne ha.

Me kan også hjelpa deg med verdivurdering og gjennomføring av eigarskifte på gardsbruk.

Hugs at rådgjevarar i samband med eigarskifte må ha kompetanse på rekneskap og skatt!