Om oss

Vik Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap. Me held til sentralt på Vikøyri (rett ved RV13) i Vik kommune.

Selskapet vart etablert i 1998, som ei vidareføring av Vik Rekneskapslag. Rekneskapslaget har historikk heilt tilbake til 1954. No er det tilsette på eigarsida i selskapet, representert ved Harald, Per og Kjell Egil.

Totalt er me no 6 tilsette, der 4 er autoriserte rekneskapsførarar. Kontoret og alle dei autoriserte rekneskapsførarane er medlemar av Regnskap Norge.

Kontoret ved Per Aase er medlem av Norges Takseringsforbund (NTF), og kan utføra takst på landbrukseigedomar

I kundemassen vår finn du både bønder, handverkarar, maskinentrepenørar og forskjellige handelsverksemder. Arbeidet blir for det meste utført ved vårt kontor, men me tek også på oss oppdrag ute hjå kunden.