Økonomitenester

Me utfører økonomitenester (rekneskap, fakturering, utløning og rådgjeving i tilknytning til dette) overfor næringsdrivande innan landbruk og anna næringsliv.

Vårt mål er at kundane våre skal ha best muleg oversyn over eigen økonomi. Vårt arbeid vert tilpassa kunden sine behov og aktuelle lover og forskrifter.

Stikkordsmessig kan våre grunntenester delast inn i:

• Bilagsføring

• Lønsføring

• Fakturering

• Remittering (betaling rekningar)

• Avstemming

• Perioderapportar

• Årsoppgjer

I tillegg tek me på oss forskjellige andre spesialoppdrag. Her kan nemnast bistand ved eigarskifte på gardsbruk.


Programvare for landbruk og andre småbedrifter

Gjennom forhandlaravtalar kan me levera programvare som er godt tilpassa landbruksnæringa og andre småbedrifter.
 Agrodata AS

 leverer brukarvenlege program for rekneskap, fakturering, løn og skatt. Me brukar sjølv desse programma. Agrodata AS er også hovudforhandlar for Skifteplan, av Norsk Landbruk rangert som eitt av dei beste programma for gjødsling.


Produktoversyn / prisliste finn du her.

Maskinvare (datamaskiner, skrivarar mm)

Me har forhandlaravtale med Mpx.no (del av Komplett ASA). Gjennom dette kan me levera datamaskiner, skjermar, skrivararar og anna tilleggsutstyr til datamaskiner. Standard programvare for tekstbehandling, rekneark, virusbeskyttelse mm kan også leverast.

Du finn vareutvalet her