Honorar

Me ynskjer ikkje å bruka unødig tid på bilagsføring og avstemming, og har som eit rettferdig prinsipp at medgått arbeidstid er grunnlag for honoraret vårt. Me vil gjerne ha kundar som er ryddige og har god orden i bilagsmappene sine!

Dersom du også er ein slik "ryddig" næringsdrivande kan du derfor spare ein god del kroner ved å inngå avtale om rekneskap og økonomistyring med oss!

Dei største utfordringane er ofte kontroll og avstemming av kasse og betalingsterminal (for dei som driv handel). Hugs alltid å telja kassa og signera kasseoppgjersboka dagleg !

Det er svært tidkrevjande for oss med kontrollsummering mm om det er feil her, så gode rutiner vil spara deg for mykje ekstraarbeid og meirkostnader!

Dersom me utfører remittering (betaling av rekningar) som ein del av rekneskapsoppdraget, vil kontroll og avstemmingar av rekneskapen bli meir effektiv.

Me har for tida ein timepris på kr 750, og ein grunnpris pr. månad. Grunnprisen er kr 125 for personleg næringsdrivande og kr 350 for selskap.