Nyetablering

Nyetablerar?
Går du med tankar om å etablere eiga verksemd?

I tillegg til rekneskap og kontoradministrasjon tilbyr vi rådgjeving og bistand ved nyetablering. For å sikre ei vellukka framtid som eigen næringsdrivande er det viktig å ta kontakt med ein erfaren rekneskapsførar på førehand - før foretaket er registrert i Einingsregisteret!

Hugs at verksemda ikkje kan starte drifta før foretaket er registrert i Brønnøysundregisteret! Våre autoriserte rekneskapsførarar har lang erfaring innan fleire næringar (handelsbedrifter, maskinentreprenør, service- og produksjonsbedrifter) og vil vere gode rådgjevarar i samband med ei planlagt foretaksetablering.

Hugs at du bør ha ein enkel forretningsplan og eit grovt budsjett som grunnlag for vurderinga. Om ideen er god og du vil starte foretaket kan du utvide planen og budsjettet etter kvart.

Ikkje gløym at verksemda må planlegge drifta med sikte på å kunne gje overskot og løn til innehavar og tilsette! Om planen syner at drifta ikkje vil kunne gje overskot på lengre sikt kan du risikera at Skatteetaten ikkje gjev frådrag for underskot!

I oppstarten er det viktig å sikre at nødvendige meldingar til offentlege etatar, søknader om eventuelle tilskot frå Innovasjon Norge eller kommunen, forsikringsordningar m.v. blir ordna på ein korrekt og fullstendig måte.

Om du planlegg å bli arbeidsgjevar med ein eller fleire tilsette er det fleire ting å ordne i samband med oppstarten. Ei vanleg personalforsikring er då svært viktig i tillegg til bedriftsforsikringar. Hugs og den obligatoriske pensjonsavtala (OTP) om du har tilsette med minst 2 årsverk.

Hugs og på at du på førehand må finne ut om foretaket kjem inn under "Meirverdiavgiftslova". I så fall har du ikkje lov til å kreve inn moms før du er registrert i meirverdiavgiftsmanntalet!! Dette må stadfestast av Skatteetaten etter at du har sendt inn kopi av dei fyrste fakturaene utan avgift (skal vere merka "avgiftsfritt") inntil kr 50.000,- i ein periode på 12 månader. 

Hugs og på at du ikkje har frådragsrett for moms på varekjøp og rekvisita før frå den dato du har blitt registrert i avgiftsmanntalet! For handelsverksemder er det då viktig å telja varelageret på dette tidspunktet! Om du når omsetningsgrensa i løpet av nokre få dagar vil vanlegvis Skatteetaten kunne gje deg registrering frå fyrste handelsdag (etter søknad).

Om du treng investera i driftsmidlar som maskiner, inventar, varebil m.v. får du tilbake momsen etter at du er vorten registrert. For kjøp av varebil er det særskilte reglar for momsfrådrag knytta til bruk av innehavar eller tilsette i privat samanheng. Du kan i så fall ikkje rekna fullt frådrag for momsen, men må berekne privatbruken på førehand! For personbilar (som ikkje er drosje) er det ikkje frådragsrett for meirverdiavgift. Kontakt oss alltid før du kjøper bil til bruk i næringa, og særleg om du planlegg å finansiere den med leasing!!