Om oss
Vik Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap. Me held til sentralt på Vikøyri (rett ved RV13) i Vik kommune.
Selskapet vart etablert i 1998, som ei vidareføring av Vik Rekneskapslag. Rekneskapslaget har historikk heilt tilbake til 1954. No er det tilsette på eigarsida i selskapet, representert ved Harald, Per og Kjell Egil, supplert med Økonomiservice AS i Lærdal som no har ein eigarpost på 55%..
Totalt er me no 7 tilsette, der 5 er statsautoriserte rekneskapsførarar. Kontoret og dei statsautoriserte rekneskapsførarane er medlemar av Regnskap Norge.
Kontoret er også medlem av Norges Bondelag og Vekstra-kjeda.
I tillegg til ordinære rekneskapsoppdrag, kan kontoret yta bistand ved eigarskifte. Kontoret har avtale med Aase Landbrukstakst AS ved behov for takst på landbrukseigedomar.
I kundemassen vår finn du både bønder, handverkarar, maskinentrepenørar og forskjellige handelsverksemder. Arbeidet blir for det meste utført ved vårt kontor, men me tek også på oss oppdrag ute hjå kunden.